§ 1: NAMN
Laget heiter Bø Fiskelag.
 
§ 2: FØREMÅL
1) Å fremja og verna om fisket i elvar og vatn.
2) Å fremje interesse for fiske og friluftsliv hos barn og ungdom.
 
§ 3: MEDLEMSKAP
Alle som er interesserte i laget sitt føremål kan bli medlem av laget. Styret kan nekte opptak og kan ekskludere medlem som ein vil tru er til skade for tiltrua og verksemda til laget. I begge tilfella er det høve til å legge saka fram for årsmøte som med endeleg verknad avgjer denne med simpelt fleirtal.
 
§ 4: KONTINGENTEN
Årskontingenten blir fastsett av årsmøtet og skal betalast innan 15. mars for kalenderåret.
Den som ikkje har betala kontingeneten eller sendt utmelding innan utgangen av januar, kan styret stryke som medlem utan at laget sitt krav på kontingenten fell bort. Ein som vil teikne seg som medlem på nytt, må fyrst betala eventuell gamal kontingent.
 
§ 5: STYRET
Styret i laget har 5 medlemer (formann, nestformann, sekretær, kasserar, 1 styremedlem).
Det skal vera 2 varamenn.
Formannen blir vald av årsmøtet. Styret vel nestformann, sekretær og kasserar seg imellom.
Formannen velgjast for 1 år, øvrige styreverv 2 år.
Styret kan treffe vedtak når 3 medlemer er til stades.
 
§ 6: STYRET SI PLIKT
Styret skal ivareta laget sine interesser i alle tilfelle slik som lovar og andre vedtak fastsett. Styret kan nemne opp utval/komitear for einskilde oppdrag. Saker som har mykje å seie for laget, og større økonomiske tiltak utover den daglege drifta bør handsamast i medlemsmøte. Styret samankallar og til medlemsmøte med underhaldning og foredrag, og til selskaplege samver.
 
§ 7: REKNESKAP
Lagets rekneskapsår er frå 1. januar til 31. desember. Rekneskapen skal reviderast av 2 revisorar som er valde av årsmøtet. Revisorane skal i fellesskap gjeva tilråding til årsmøtet. Årsmøtet avgjer om rekneskapet skal godkjennast.
 
§ 8: ORDINÆRT ÅRSMØTE
1) Ordinært årsmøte blir å halde kvart år innan utgangen av februar månad, og kallast inn med minst 14 dagars varsel, med opplysning om dei sakene som skal handsamast. Saker som ein vil ha handsama på årsmøtet må ha kome til styret innan 15. januar.
 
2) På årsmøtet skal handsamast:
a) Val av ordstyrar.
b) Årsmelding.
c) Rekneskap.
d) Val iflg. lovane og val av nemnder.
e) Val på 2 revisorar med 1 varamann.
f) Andre saker som er nemnt i innkallinga.
g) Ymse.
 
3) Årsmøtet kan drøfte, men ikkje avgjere saker som ikkje er nemnt i innkallinga.
4) Alle val skal vera skriftlege der det ligg føre meir enn 1 framlegg.
5) Like røystetal blir avgjort ved lutdraging.
6) Ved endring av laget sine lovar krevs det 2/3 fleirtal. Alle andre saker blir avgjort ved simpelt fleirtal.
 
§ 9: OMFRAMT ÅRSMØTE
Omframt årsmøte blir innkalla av styret når dette finn det naudsynleg, eller når minst 1/4 av medlemene skriftleg krev det. Innkallinga må gjerast med minst 14 dagars varsel og med opplysning om dei sakene som skal handsamast. Omframt årsmøte kan ikkje gjera vedtak i saker det ikkje er varsla om i innkallinga. Saker som kan handsamast i ordinært årsmøte kan ikkje handsamast i omframt årsmøte.
 
§ 10: OPPLØYSING
Framlegg om oppløysing av laget må, for å bli vedteke, ha 2/3 fleirtal i 2 etter kvarandre fylgjande årsmøte. Blir vedtaket fasthalde, vedtek årsmøtet kva som skal gjerast med laget sine midlar, som bør overførast til lag eller andre institusjonar med liknande føremål som det oppløyste laget.