Kor kan du fiske ?
 
Som medlem kan ein fiske fritt med handreidskap frå land i alle vatn og tjønnar som laget disponerar, og i delar av Bøelva. Den same retten har ein i følgjande vatn som disponerast av Porsgrunn Jeger- og Fiskeforening: Høllenvatnet, Ormetjønnane, Mjeltetjønn, Skardtjønn og Svarttjønn. Sjå deira nettside ved å klikka på "Lenkar" i menyen til venstre.
I Holmen er det tillatt med oterfiske.
 
Vil du bli medlem så ta kontakt med nokon i styret (sjå Styre og utvalg), eller send oss en e-post med adressa bo.fiskelag@gmail.com. Du må og gjerne stikka innom lagshuset vårt på eit av dei faste torsdagstreffa som tar til kl. 1900.
 
Dei som ikkje er medlemer kan kjøpa fiskekort og får då dei dei same rettighetene i Bø Fiskelag sine vatn, men ikkje i vatna til Porsgrunn Jeger- og Fiskeforening. Kort kan kjøpast på følgjande stader:
Brukås Sport; G-sport; campingplassane i Bø; Telnessanden camping; Hegna Camping; Sentrum Service; Lifjellstugo; Lifjell Feriesenter(Lifjelltunet) og Turistinformasjonen.
Det kan ikkje kjøpast fiskekort til Tveittjønna, då den er reservera for medlemmer.
 
Prisane er for tida:
Lifjell:  Døgn: kr. 40.  Veke: kr. 100.   År: kr. 250. 
Bøelva:  Døgn: kr. 20.   3 døgn: kr. 25.   Veke: kr. 30.   År: kr. 100.
 
Personar på 18 år og over må betala fiskeravgift til Staten dersom dei skal fiska i vassdrag der det er laks og sjøaure (Bøelva).
Laks og sjøaure kan berre fiskast i perioden 1. juni til 30. september. Det kan fiskast max. 2 fisk pr. døgn. Laks og sjøaure som fiskast elles i året skal straks settast ut igjen.
 
 
For Lifjell og Bøelva kan du og kjøpa fiskekort på nettet. Klikk på logoen ovanfor, så kjem du inn på heimesida til INATUR.
Skriv "Lifjell" i søkefeltet, og du får opp bilde og "Velkommen til fiske på Lifjell og i Bøelva". Klikk på dette, og du får opp
bestillingsformular der du kan taste inn korttype, dato og andre nødvendige data og bestille med bruk av bankkort. Du får fiskekort skrive ut på eigen skrivar.
Du kan og kjøpe fiskekort på mobiltelefon, og på heimesida til INATUR finn du SMS- meldinga du skal sende for dei ymse korttypane. Kortkjøpet blir belasta mobilregninga di. Kortet er gyldig frå SMSen blir sendt.
Opplysningar om dette finn du og på infotavla ved parkeringsplassen på Jønnbu.
 
På heimeida til INATUR kan du og betala fiskeravgifta til Staten ved lenke til Miljødirektoratet.
 
 
Du forpliktar deg til å senda fangstrapport, og dersom du kjøper kort på INATUR, skal du og rapportera på nettsida til INATUR.
 
Om desinfeksjon av utstyr les her.
Nedanfor finn du ein tabell med totaloversikt over alle vatn og tjønnar som laget disponerar, med informasjon om kvart einskilt. Heilt til slutt finn du ein liten omtale av kvart av dei viktigaste vatna.
 
Nedanfor finn du eit interaktivt kart som viser storparten av dei vatn og tjønnar som laget disponerar på Lifjell.
Du finn og eit interaktivte kart over hovuddelane av Bøelva.
 

                                

Totaloversikt over vatn og tjønnar som laget disponerar
 
 
 
 
Interaktivt kart over områda våre på Lifjell, og over Bøelva.
 
Klikk på iconet for kartlag oppe til venstre (nr 2 fra venstre) og velg dei symbola du er interessert i på tabellen som kjem opp. Zoom opp kartet når du har funnet det området du er interressert i for å få detaljene tydelig fram. Ved å klikke på symbola får du opp informasjon i form av tekst og  bilder.
 
 
Lifjell.
 
 
 
 
 
Bøelva ovanfor Oterholtfossen.
 
 
 
 
 
Bøelva nedanfor Oterholtfossen.
 
 
 
 
 
  Klokkesteintjønna
 
Klokkesteintjønna på Nybufjellet er sjølve arnestaden for laget si verksemd på Lifjell. Det var her ein fyrst starta fiskekulturarbeid i nokon mon.
Tjønna ligg på 964 m. o. h., har eit areal på 86 dekar og er det nest største av vatna, etter Holmen.
 
Tjønna husa verkeleg stor fisk i gamle dagar. Rekorden skal vera ein rugg på 6 kilo ein gong i 20 - åra. Ho gjekk for å vera fisketom då laget starta arbeidet på slutten av syttitalet, men det var litt delte meiningar om dette. Nokre av den eldre garde meinte at det framleis gjekk ein og annan rugg på djupet. Heilt sikkert er det at det var fisk i tjønna så seint som på sekstitalet. 
 
Like etter starten, i 1977, blei det gjort spreidde forsøk med utsetting av fisk, men gjennombrotet kom vinteren 1980, då 8 tonn kalk blei frakta til Klokkesteintjønna, og om sommaran blei det spreidd kalk i innløpsbekkane. Det blei sett ut yngel frå eige klekkeri, saman med ein del villfisk.
Allereie i 1982 blei det tatt fleire fisk av fin storleik og kvalitet. Dette var nok av villfiskane, men det visa likevel at oppveksttilhøva i tjønna var gunstige.
 
Det er auren som rår grunnen i Klokkesteintjønna, men ein artig ting er det at det er tatt eit par røyer som ein veit om. Røya pleier jo ikkje å vera beskjeden i høve til auren, men det ser ikkje ut til at det har blitt nokon bestand av ho.
På bileta nedanfor ser du eit luftfoto av tjønna, ein ivrig fiskar, og ei av dei røyene som er omtala ovanfor, med sin stolte banemann. Det siste bildet er frå1988.
På luftfotoet kan du sjå litt av Valjuvet til venstre.
 
 
 
 
 
  
 
 
 
 
 
  Sauetjønn (Nybu), Rupetjønn.
 
Tekst kommer.
 
 
 
  Holmen
 
Holmen er det største av vatna laget disponerar, med ei flate på 284 da. På kartet ser ein at vatnet er delt i to delar med ulik høgde 989 og 990 m.o.h. Mellom dei to delane er det ein liten elvestubb.
 
Den som kjem opp Valjuvet vil legge merke til delar av ein steinmur ved utoset. Det er restane av ein fløtningsdam som blei brukt til å demme opp Holmen for å få vatn til fløtning nedover Lislestulåa, og vidare nedover Juvsåa. Jørund Lie, som er ein av dei som kjenner Lifjell si historie best, seier at dammen blei bygd tidleg i 1890-åra, og at fløtinga gjekk føre seg fram til omkring 1920. Landkara blei mura opp av stein som fanst på staden, og tømmer til trekonstruksjon og damluker blei hogd i Røksbu Sameige. Tømmervirket blei køyrd med hestar over Røksbu (Jordfellet) fram til Holmen.
 
Då laget starta si verksemd i Holmen hadde vatnet vore fisketomt lenge. Jørund Lie fortel at faren hans, Halvor H. Lie, sette ut yngel der i 1939. Yngelen blei skaffa av h.r.adv. Eivind Eckbo på Borgja, som hadde byrja tiltak for å få opp fiskebestanden i vatna som ligg på sørsida av Lifjell, i Bø og Seljord.
Halvor H. Lie sette også ut noko yngel i Lislestulåa - elva frå Holmen til der den møter Oksleåa. Utsettet blei gjort nedanfor der bekken frå Klokkesteintjønna renn ut i Lislestulåa. 
Fisken i sjølve vatnet døydde etter kvart ut, mens han klara seg i Lislestulåa, og her blei det fin fisk, opp til halvkiloen. Kva som er grunnen til dette er vanskeleg å seia. Forsuringa hadde jo ikkje kome så langt på den tida, men  det er mogeleg at fjellgrunnen i vatnet er meir ugunstig enn elles på Lifjell.
 
I 1963 blei det igjen gjort forsøk på utsetting i Holmen, denne gongen av Li Grunneigarlag, men heller ikkje denne gongen lukkast det.
 
I 1986 blei det for fyrste gong kalka i Holmen, og ein starta det som etter kvart skulle gjera Holmen til eit senter for laget si verksemd. Mellom anna fekk ein ei mindre hytte i gåve frå Brukås Sport. Den blei flytta til Holmen og sett opp der. Den var ferdig i 1988.
 
I 1996 blei det for fyrste gong utført stamfiske i Holmen. Det blei samla 7 dl. rogn, og ein kunne tala om ein stadeigen Lifjell - stamme.
 
Holmen er eit næringsfattig vatn med gode gytetilhøve, og i 1999 kunne ein sjå tendensar til overbefolkning. Idag er det sers lett å få fisk, men han er småfallen, og det langt mellom ruggane. Kvaliteten elles er det ikkje noko å seia på. Det er berre aure i vatnet. I vatna i nærleiken er det gode sjansar for større fisk.
 
I Holmen har laget i ei årrekke dreve tynningsfiske med garn, ruse og teinar, og ein vonar å få opp storleiken.
 
I 2006 var laget si nye hytte ferdig, og Holmen - området er blitt enno meir attraktivt for medlemene og andre grupper av friluftsinteresserte.
 
 
  Jøronnattjønna
 
Jøronnattjønna er kanskje den mest særprega av dei vatna laget disponerar, der ho ligg  i ei grop i terrenget på 1052 m høgde, heilt oppunder Jøronnatten. Arealet er 41 da. Ho er djup, noko som terrenget indikerar. Det er lodda opp til 17 m.
Den er det einaste av vatna der ein med full rett kan seia at røye og aure kamperar saman.
 
Tidleg på 1900 - talet blei det sett ut røye, og tjønna fekk ein bestand av røye, saman med noko aure, sjå bildet frå 1951.
 
Då laget starta si verksemd  i 1977 bar tjønna preg av å vera fisketom, men nokre meiner at det har vore fisk i tjønna samanhengande frå den fyrste utsettinga.
 
Det fyrste laget gjorde i 1977 var å sette ut 270 stk. canadisk bekkerøye, ein fisk som andre stader hadde synt seg å vera meire motstandsdyktig mot forsuring enn aure og vanlig røye. Ein ulempe med denne fisken er at han har problem med å halde seg i ro. Han forsvann då og frå tjønna etter ei tid, og han hadde truleg tatt vegen nedover vassdraget.
 
I 1980 blei det kalka i tjønna for fyrste gong, og det blei sett ut 1000 settefisk av aure frå eige klekkeri.
Seinare har det nestan årvisst fram til 2000 vore sett ut eit mindre antal aure. I 1985 blei det og sett ut 200 stk. vanleg røye.
 
I dag har tjønna ein bestand av småfallen røye som kan gje ein morosame opplevingar når ein fiskar på den med fluge.
Det er heller ikkje umogeleg å få aure av brukbar storleik og kvalitet. Kanskje kan ein og slumpe til å få rektig stor aure som har gjort seg feit på smårøye.
 
 
 
Ved Jøronnattjønna i 1951
 
 
 
  Langetjønn
 
Langetjønn ligg på 949 m.o.h. og har et areal på 25 da.
Langetjønn var det siste vatnet som kom med i lagets sitt kultiveringsarbeid. Det blei kalka og sett ut fisk fyrste gong i 1993. Før kalkinga var pH målt til 4,48. Berre to av dei andre vatna har hatt lågare pH ved oppstart av kultivering.
At vatnet var svært surt kunne ein ha mistanke om utan pH-måling, då det var - og er - ein del brunfarga av humus.
 
Vatnet var fisketomt når ein ser bort ifrå at det kunne vera ein del tryte. No finst det berre aure i vatnet, og det er uvisst om han gyter naturleg, då det er lite småfisk å sjå. Vatnet har heller ingen gode gytebekkar. Dersom han gyter naturleg er det truleg nedstraums, i utløpsbekken eller i den svake straumen på eit smalt parti av vatnet.
 
Gode næringstilhøve og avgrensa gytemulegheitar gjer at den fisken ein får vanlegvis er i godt hold. Er ein heldig kan ein få rektig stor fisk.
 
 
 
 
 
Langetjønn i motlys
 
 
 
 
  Repetjønnene
 
Dette er tre små tjønner som ligg på Røksbufjellet.
 
Øvre Repetjønn ligg på 1050 m.o.h. og har et areal på 8 da., Midtre Repetjønn 1048 m.o.h. og 11 da. og Ytre Repetjønn 1004 m.o.h. og 9 da.
 
Jørund Lie seier at så langt ein kjenner til har det aldri vore fisk i desse vatna før faren hans, Halvor H. Lie, sette ut fisk der i 1939, samstundes med utsettinga i Holmen.
Yngelen i Midtre Repetjønn levde ikkje opp. I Øvre og Ytre Repetjønn levde yngelen opp, og her blei det gild fisk, med storleik opp til 2 kilo.
 
I slutten av 50 - åra blei fisken borte i dei to Repetjønnene. Det var truleg ikkje forsuringa som hadde hovudansvaret for dette, for her, og i ein del andre vatn blei det funne spor etter ei heilt spesiell form for fiske, nemleg bruk av dynamitt. 
 
Allereie i 1977 forsøkte det nystarta laget seg med utsetting av innkjøpt yngel, og villfisk frå Bøelva, utan at det hadde vore kalka (pH var ikkje mellom dei aller lågaste). Dette skjedde i Øvre og Ytre Repetjønn.
 
Første kalking og ordinære utsetting av fisk skjedde i 1980 i Øvre og Midtre Repetjønn, og i 1985 i Ytre Repetjønn.
 
I dag er det ein fin bestand av aure med god kvalitet i alle dei tre tjønnene. 
 
 
 
  Skåråfjellholmen, Sauetjønn, Snotjønn og Sleivtjønn.
 
Skåråfjellholmen er vel det mest sentrale av vatna våre reint geografisk, der det ligg på toppen av Glekse, og med stien forbi, der mange går når dei skal frå Jønnbu til området ved Øysteinnatten, og vidare innover mot Hollane.
 
Vatnet ligg på 1049 m.o.h. og har eit areal på 30 dekar.
 
Vatnet var nok fisketomt då laget starta si verksemd, for pH var så låg som 3,95 like før den fyrste kalkinga blei utført. Korleis det har vore i tidlegare tider veit vi førebels ikkje, men kan hende kan vi seinare få veta noko hos eldre folk som er kjende på Lifjell.
 
Det fyrste laget gjorde var at det i 1977 blei sett ut canadisk bekkerøye, på same vis som i Jøronnattjønna. 112 stk. blei sett ut, men heller ikkje her kunne ho halde seg i ro.
 
Så gjekk det mange år, heilt fram til 1989, då det blei kalka fyrste gong, og den fyrste fisken blei sett ut. 600 blei sett ut det året, og seinare blei det årvisst fram til 1998 sett ut 150 - 50 fisk. Kalking har vore utført kvart år, og pH har med unnatak av av eitt år halde seg på eit akseptabelt nivå.
 
Bestanden idag består av aure, og den må seiast å vera bra. Storleiken er ikkje all verden, men fisken er i bra hold.
 
Illustrasjonsbildet er eit "historisk" bilde frå 1950. Er det nokon som kjenner  karen som slappar av på steinen, så sei ifrå. Han er truleg ikkje på fisketur, for det er ikkje spor av fiskeutstyr å sjå. Kanskje er vatnet fisketomt ?.
 
I kort avstand frå Skåråfjellholmen finn ein tre mindre tjønner som er kutivera samstundes, Sauetjønn, Snotjønn og Sleivtjønn. Her er det og ein bra aurebestand, og det høver fint å ha Skåråfjellholmen som base, og så ta runden og prøve fisket i dei andre.
 
 
 
Skåråfjellholmen 1950
 
 
 
  Småholmen
 
Småholmen, som ligg like vest for Holmen, har eit areal på 51 dekar. Det ligg 1096 m over havet og er dermed det av laget sine vatn som ligg høgast.  
I 1986 starta laget sitt kultiveringsarbeid i Småholmen. Det året blei det kalka og sett ut 500 fisk. Kvart år fram til 2000 blei det sett ut mellom 50 og 1000 fisk.
Idag er Småhomen eit fint fiskevatn der ein kan få fisk med bra storleik.
Ved Småholmen er det bygd eit lite krypinn, kalla Steinbua, der ein kan søke ly dersom vergudane slår seg vrange.
 
 
 
 
 
 
  Bøelva.
 
Tekst kommer.