Denne sida inneheld no berre hendingar frå nyttår 2014.Tidlegare nyheter finn du ved å klikka  på "Nyhetsarkiv" i menyen til venstre.
 
Vi minner om grasrotandalen. Vi ynskjer at mange, både medlemmer og andre, visar at dei set pris på det nyttige arbeidet vi gjer. Det einaste ein treng å gjera er å gå til spillekommisjonæren sin og gje opp organisasjonsnummeret vårt, som er 984034571, og
seia at ein vil støtta Bø Fiskelag.
 
Desember 2017
 
   
Fangstoversikt for laks i Bøelva.
Vi har mottatt fangstoversikt for laks for 2017 frå Skienselva Elveeierlag, spesifisert for Bøelva. Det er sendt 35 rapportar i perioden frå 7.8 til 30.9, med totalt antall laks 33, med vekt frå 0,8 til 6,7 kg.
Berre 2 rapportar viser 0 fangst. Vi trur at det skulle vore fleire. Det er like viktig å rapportera når ein ikkje får fisk !
(11.12.2017)
 
 
November 2017
 
   
Avslaget på konsesjon for Herrefoss vil ikkje bli anka.
Midt-Telemark Energi og Bø kommune vil ikkje anka konsesjonsavslaget for Herrefoss, då dei meiner at det er små mulegheiter for å vinna fram. Norconsult, som har laga underlaget for søknaden, har og frårådd det.
Det er semje om at NVE har gjort eit grundig arbeid i samband med handsaminga av søknaden.
 
Når det gjeld Nye Oterholtfoss er oppfatninga at Olje- og Energideparementet truleg vil følgje NVE si tilråding.
(24.11.2017)
 
   
NVE er heller ikkje positiv til utbygging av Nye Oterholtfoss kraftverk
Positive nyheter for Bøelva  tikkar no inn på rekke og rad.
NVE si tilråding til Olje- og energidepartementet, som skal avgjera konsesjonssaka for Nye Oterholt kraftverk, kan lesast på NVE si nettside: 
 
Midt-Telemark Energi AS har søkt om tillatelse til å bygge Nye Oterholtfoss kraftverk i Bøelva i Bø kommune i Telemark. Kraftverket er planlagt som et elvekraftverk og vil utnytte fallet fra toppen av Oterholtfossen. Etter en samlet vurdering av planene for foreliggende utbyggingsalternativer og mottatte høringsuttalelser finner NVE at fordelene og nytten ved bygging av Nye Oterholtfoss kraftverk å være mindre enn skadene og ulempene for allmenne og private interesser. Dermed er § 8 vassdragsreguleringsloven, jf. vannressursloven § 19, ikke oppfylt. NVE anbefaler at Midt-Telemark Energi AS ikke får tillatelse til å bygge Nye Oterholtfoss kraftverk. I NVEs vurdering er det lagt vekt på negative effekter på gyte- og oppvekstområder for laks og ørret (storørret og sjøørret), og på elvemuslingbestanden nedstrøms Oterholtfossen. Influensområdets verdi for utøvelse av friluftslivsaktiviteter, og Oterholtfossens spesielle betydning for kultur- og landskapsopplevelse er også vektlagt i vurderingen.
(03.11.2017)
 
 
Oktober 2017
 
   
NVE seier nei til Herrefoss kraftverk.
Ikkje før har vi skreve den førre nyhetsmeldinga, før vi kan lesa følgjande på NVE si nettside:
 
Avslag til Herrefoss kraftverk
NVE har avslått søknaden om å byggje Herrefoss kraftverk. Storaure, elvemusling og fiskeinteressene i Bøelva har vore sentrale tema i NVE si vurdering av prosjektet. NVE meiner at dei negative verknadane for desse er store, vurdert opp mot planlagt produsert kraft. Etter ei samla vurdering meiner NVE at nytten av tiltaka ikkje er større enn ulempene tiltaka fører med seg.
 
NVE sitt vedtak kan innklagast til Olje- og Energidepartementet.
(31.11.2017)
 
   
Kan vi få auka lakseoppgang i Bøelva ?
Konsesjonshandsamingane for Nye Oterholtfoss kraftverk og Herrefoss kraftverk trekker i langdrag.
Dess lenger det lir utan at NVE kjem til nokon konklusjon, dess større er sjansane for at i alle høve Oterholtfossen blir liggande urørt.
Dessutan er Akershus Energi Vannkraft AS pålagt av NVE, etter påtrykk frå Fylkesmannen i Telemark, å søke om konsesjon etter Vannressurslova om tiltak for å sikre toveis vandring av fisk forbi Skotfoss kraftverk. Skotfoss kraftverk blei i si tid, likeeins som dei andre kraftverka nedstrøms Norsjø, bygd utan konsesjon. Vannressurslova krev at slike konseskonsfrie kraftverk kan påleggast i ettertid å søka om konsesjon, dersom serlege tilhøve ligg føre. Fylkesmannen i Telemark meiner at sikring av toveis fiskevandring er eit slikt "serskilt tilhøve", og NVE er einig i dette.
I samband med søknaden er Akershus Energi Vannkraft AS pålagt å samarbeida med dei andre kraftverkseigarane nedstrøms Norsjø for å koma fram til langsiktige tiltak for å sikra fiskevandringa.
Dette kan ha stor verknad for Bøelva som lakseelv, då delar av den har gode gyte- og oppvekstområder for anadrome fiskeslag, serleg dersom den vedblir å vera urørd av kraftutbygging.
(30.10.2017) 
 
 
September 2017
 
   
Vedlikehold på klekkeriet
 
 
40 års vær og vind har tatt hardt på taktekkinga, så no er taket stippa for gamal shingel, og legging av ny er på gang.
Dugnadsgjengen er førebels fåtallig, så det er behov for fleire villige hender.
Seinare skal klekkeriet oppgraderast innvendig.
(2.09.2017)
 
 
Juni 2017
 
   
24 timar på Lifjell
 
 
 
 
   
Formannen i aktivitetsutvalget melder:
 
Sjøaure-tur
Til helga brakar det laus igjen. Da arrangerar Bø Fiskelag SJØAURE-TUR te Hæljeroa, nærmare bestemt Omlistrand. (Gangavstand til fagre Mølen)
Det blir buss frå klubbhuset klokka 10.30, og påmelding på SMS til 90026902 innan fredag klokka 13.00, slik at me veit å stor buss me skal bruke. Det er meldt fint vær langt framover, og det tegnar til å bli ein knallfin tur. På Omlistrand skal me fyre opp bålpanna, og servere pølsur og kaffi.
Turen kostar 150 kronur pr. snåt. Med transport og mat håpar me ikkje den prisen vil skreme nokken.
Sjøauren e i betet for tida sier dei som har greie på det, og stemmer det blir detta ein opplevelse for livet, og kanksje ein tradisjon i åra som kjem.
Meld dekkan på!
(5.05.2017)







 
Mars 2017
 
   
Isfiskekonkurranse.
(29.03.2017)
 
 
   
Årsmøtet.
Årsmøtet hadde denne gongen uvanleg god deltaking, heile 26 personar, men kjønnsbalansen var dårleg. Ingen kvinner møtte.                                
Årsmelding og regnskap for 2016 blei referert og godkjent med ein del mindre merknader. Budsjett for 2017 blei godkjent med ei påplussing på utgiftene for vedlikehald av klekkeriet og nokre kommentarar i samband med dokumentasjon av dugnadsarbeid.
 
Formannen Jostein Bøen blei gjenvalgt. Det samme blei dei av det øvrige styret som var på valg, men her kan det i prinsippet bli omrokkeringar når styret konstituerar seg på første møte.
 
Utvalgsformennene blei gjenvalgte, og dei vil i sin tur rekruttera medlemmer til utvalga.
 
Under "Ordet  fritt" blei det ein del meiningsutveksling om laksen i Bøelva.
 
Årsmøtet ble avslutta med god  mat og godt drikke.
(26.03.2017) 
 
 
Januar 2017
 
   
Gapahuken.
Nedanfor har vi illustrera bygginga av gapahuken med bilde, frå starten i juli 2015 til den blei tatt i bruk i august 2016. Dessutan visar vi logoen til ein av dei viktigaste økonomiske støttespelarane våre, Sparebankstiftelsen DNB. Like før jul fekk vi melding om at vi hadde fått ei gåve frå dei på Kr. 60000 til ferdiggjering. Dei har funne arbeidet vårt, serleg det som gjeld ungdomsgruppa, så verdfullt at det fortener økonomisk stønad frå dei. Vi takkar hjarteleg for dette og lovar å bruka pengane slik at dei gjer størst mogeleg nytte.
 
Det er og andre som har støtta oss økonomisk. Bø installasjon, Moen Design, Ingemar Bråten og O. B. Stoa Transport AS har ytt verdfulle bidrag i pengar og naturalia, som vi takkar hjarteleg for.
(23.01.2017)
 
 
 
 
 
 
 
August 2016
   
 
40-års jubileet.
Nedanfor finn du ein liten billedkavalkade frå markeringa. Du ser mellom anna far og son Rønningsland med beviset på æresmedlemsskapet dei fekk for den innsatsen dei gjorde i samband med gapahuken med grill og bakaromn.
(29.10.2016)
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
 
        
       40 år
 
 
 
Juli 2016
   
 
Desinfeksjonsstasjonen er sett i drift.
Desinfeksjonsstasjonen vår ved klekkeriet på Oterholt er no sett i drift.
(10.07.2016)
 
   
 
Juni 2016
   
Bø Fiskelag fyller 40 år
Vi markerer dette laurdag 13. august med arrangement ved klubbhuset vårt på Oterholt, med følgjande program:
Kl. 12 – 16, åpen dag, medlemmer og andre interesserte velkomne:
·    Fluekasting (demonstrasjon og tips).
·    Natursti med spennande postar og fine premiar. Vaksne, ungar og familiar kan delta.
·    Demonstrasjon av laget og ungdomsgruppa sitt utstyr.
·    Sosialt samvær rundt den nye gapahuken med grilling av pølser og steiking av lappar. Kaffe.
 
 
Kl. 18 og utover, for påmeldte medlemmer:
·    Vi hygger oss i klubbhuset, gapahuken og på terrassen med utsikt til fossen. Serveringa tar til kl. 1900.
·    Hyggeleg prat og mimring om interessante hendingar i laget si historie.
 
For denne delen av programmet må vi av plassomsyn ha bindande påmelding. Send ein SMS til 90941542 Henning eller
ein e-post til bo.fiskelag@gmail.com seinast 5. august.
(30.06.2016)
 
 
   
Ungdommen dominerte under "24 timar på Lifjell".
Susanne Langkås, toar i klassa under 16 år i fjor, rydda godt på premiebordet i år, med premie både for største totalvekt og største fisk.
Thomas Bay tok andreplassen, og ingen andre fekk fisk.
Veret var bra på laurdag, men kraftig regn på sundag.
(30.06.2016)
 
Befaringar i Bøelva.
NVE hadde invitert til befaring sist måndag og tirsdag i høve mogeleg kraftutbygging i Bøelva. Herrefoss blei befara måndag og Nye Oterholt tirsdag. Begge dagar var det godt frammøte av representantar for høringsinstansane.
Gledeleg var det å konstatera at Fylkesmannen sin representant var klart på vår side.
Her er nokre glimt frå befaringa ved Herrefoss. Nederst gytegrunn for storørreten som kan gå tapt ved ei utbygging.
(08.06.2016)
 
 
 
April 2016
 
   
Fluekastekurs.
Det blir fluekastekurs i eit samarbeid mellom Bø Fiskelag, Hegna Camping og Brukås Sport.
(17.04.2016)
 
 
 
Mars 2016
 
Gapahuken.   
"Gapahuken" slik den ser ut i dag.  Det synest som om nemninga "gapahuk" ikkje er heilt dekkande.
(11.03.2016)
 
 
 
Februar 2016
   
Årsmøtet.
blei halde fredag 19. februar på klubbhuset. Frammøtet var omlag som det plar vera, 15 personar.
Årsmelding for 2015, regnskap for 2015 og budsjett for 2016 blei referert og godkjent med ein del mindre merknader.
 
Formannen Jostein Bøen blei gjenvalgt. Det samme blei dei av det øvrige styret som var på valg, men her kan i prinsippet bli omrokkeringar når styret konstituerar seg på første møte.
 
Utvalgsformennene blei gjenvalgte, og dei vil i sin tur rekruttera medlemmer til utvalga.
 
Under "Ordet  fritt" blei det mellom anna uttrykt ønske om at det blir arrangera isfiskekonkurranse.
 
Årsmøtet ble avslutta med mat og godt drikke. Det blei blant anna servert varmrøkt ørret og rakfisk fra Bjornesfjorden. Fisken var fiska (og tillaga ?) av Gunnar Rønningsland og smaka fantastisk.
(29,02.2016). 
 
 
Januar 2016
 
Årsmøtet blir 19. februar.
Årsmøtet er beramma til 19. februar. Saker ein vil ha behandla må meldast til styret, helst innan 15. januar.
(01.01.2016)
 
 
Oktober 2015
   
Fangstrapportering.
Vi har ikkje fått inn ein einaste rapport for sesongen 2015 frå dei som skal rapportera på heimesida, det vil seia medlemmane og dei som kjøper fiskekort "manuelt". Dette er vi i styret svært skuffa over, for ei god fangstrapportering vil vera ei god hjelp i kultiveringsarbeidet vårt.
Når det gjeld vassdrag som har anadrome artar, slik som Bøelva, er rapportering til og med lovpålagt. For Bøelva vil det gjelde laks og sjøaure.
Før neste sesong må vi difor, i samarbeid med Telemarksvassdragets Fiskeadministrasjon, få til eit betre opplegg for rapportering, og handheving av plikta til rapportering.
For årets sesong ber vi om at alle som ikkje har rapportera lettar samvetet sitt ved å granska hukommelsen sin og tasta ned dataene etter beste evne. Ta og med dei turane då det ikkje blei fangst.
(25.10.2015)
 
 
   
Desinfeksjonsstasjonar.
For å hindra spreiing av fiskesjukdomar mellom vassdrag er det viktig å desinfisera alt utstyr før ein fiskar i eit nytt vassdrag. Rundt omkring i landet er det etablert desinfeksjonsstasjonar i regi av grunneigar-
og fiskeinteresseorganisasjonar. Desse skal godkjennast av Mattilsynet.
 
I vårt område er det etablert ein slik stasjon ved båthavna på Akkerhaugen. Nedanfor finn du ei orientering om dette saksa frå nettsida til Landbrukets hus:
 
Desinfiseringsstasjon for fiske- og båtutstyr m.m ved Akkerhaugen brygge.
Ved Akkerhaugen brygge er det satt opp en desinfiseringsstasjon for fiske- og båtutstyr m.m. En slik desinfiseringsstasjon er for å forhindre spredning av parasitter og sykdommer på fisk mellom vassdrag. Det arbeides med å få satt opp flere slike stasjoner langs vassdraget.
Det er spesielt viktig å forebygge spredning av lakseparasitten Gyrodactylus salaris som er en dødelig parasitt på laks. Ved å desinfisere fiske- og båtutstyr m.m, som har blitt brukt i andre vassdrag, vil en bidra til å unngå spredning av parasitter og sykdommer.
For mer informasjon om desinfisering, se retningslinjer for desinfisering anbefalt av Mattilsynet.
--------------
 
Det vil og bli etablert ein slik stasjon i området ved klekkeriet på Oterholt. Vi kjem nærare attende til dette før komande sesong.
(25.10.2015)
 
 
September 2015
   
Vi har settefisk for salg.
Vi har settefisk, både ein-somrig og to-somrig, for salg. Er du interessert så ta kontakt med Alf Hvitsand på telefon
950 57 396.
(18.09 2015)
 
   
Stor vassføring i Bøelva.
 
Inga naudsynt oppmoding akkurat no.
 
 
             
                          200 m3/ sek. ?                                            God fart på vatnet forbi klekkeriet
(17.09.2015).
 
 
August 2015
   
Gapahuken tar form.
Bildet nedanfor visar framdrifta på gapahuken pr. idag.
Det er forresten litt av ein gapahuk ungdomsgruppa får til rådvelde. Vi trur at ein skal reisa langt for å finna noko liknande. Det er eit solid byggverk, bygd av dyktige handverkarar som vi har i laget, og av materialar som langt på veg er sjølvprodusert.
(22.08.2015)
 
 
 
 
Juni 2015
   
Resultat frå 24 timar på Lifjell.
Deltakinga var ikkje overveldande, berre 11 personar hadde funne vegen til vatna våre på Lifjell, i eit ver som burde gje brukbart fiskebett. Grunnen til lav deltaking kan vera at det på laurdag var 30 årsjubileum for Bø Sommarland på Bø Torg. Dette freista kanskje meir enn å tilbringa sommarnatta i 1000 meters høgde.
Eit lyspunkt var det at den heilt unge garde var relativt godt representert.
 
Klasse under 16 år:
 
1. Anund Darrud:          6 fiskar, totalvekt 932 gram og 15,3 poeng.
2. Susanne Langkås:        4 fiskar, totalvekt 621 gram og 10,2 poeng.
 
Klasse damer over 16 år:
 
1. Eva Anne Hagen:        4 fiskar, totalvekt 552 gram og 9,5 poeng.
2: Elin Langkås:        2 fiskar, totalvekt 160        gram og 3,6 poeng.
 
Klasse herrer over 16 år:
 
1. Halvor Darrud:        8 fiskar, totalvekt 1361 gram og 21,6 poeng.
2. Henning Rønningsland:        1 fisk, vekt 878 gram og 9,8 poeng.
 
Premie for største fisk fekk Henning Rønningsland. Nedanfor ser du fisk og fiskar ved Langetjønn.
 
(28.06.2015)
 
 
 
 
   
Den årvisse 24 timars fiskekonkurransen på Lifjell
blir i år halden laurdag 27. til sundag 28. juni. Det kan fiskast frå laurdag kl. 14 til sundag kl. 14 i alle lagets sine vatn på Lifjell (sjå kart og oversikt under "Fiskemuligheter" her på nettsida).
 
Deltakaravgift er kr. 50 for medlemmer og kr. 100 for ikkje- medlemmer.
Det fiskast i tre klasser, til og med 16 år, over 16 år og dameklasse.
 
Påmelding på klubbhuset på Oterholt laurdag kl. 9- 11 eller over telefon/sms 900 26 902, Atle.
Innveging av sløya fisk i klubbhuset sundag 28. juni kl. 17.
 
PREMIAR FRÅ G- SPORT OG BRUKÅS SPORT.
 
(18 juni 2015).
 
 
Mai 2015
   
               
Markering av Friluftslivets år.
Vi hadde stand på Bø Torg under torgdagen idag for å markera at vi er inne i Friluftslivets år. Vi fekk informera om ein god del av det vi driv med. Ovanfor ser ein fluegruppa i aksjon, og tipping av antal fisk som er i den surstoff- fylte posen som er tatt med frå klekkeriet. Det sistnemnde var svært populært, og deltakarlista blei lang etter kvart. Det vanka fine premiar, og vi vonar å kunne koma med premielista om ikkje så lenge.
Elles viste vi utstyr som blir bruka i ungdomsarbeidet som vi driv, slik som lavvo og kano, og på bålpanna, som var fyra med bjørkeved, kunne den som var svolten grilla seg ei pølse eller tre.
(2.05.2015)
 
 
April 2015
   
Nye kart.
Vi har fått to nye, interaktive kart på heimesida vår (sjå sida "Fiskemuligheter"). Det eina omfattar områda våre på Lifjell, og det andre omfattar Bøelva. Karta er utvikla i samband med prosjektet "På tur i Midt-Telemark". Kartet for Lifjell erstattar dei gamle karta på sida, og ved å klikka på symboler på desse nye karta kan ein få opp informasjon om fiske, attraksjonar av ymse slag og turløyper. Ein kan og skaffa seg oversyn over tilkomsttilhøve og parkering.
Det er og lenker til nettsida vår og nettstaden INATUR, der ein kan få meir detaljera informasjon i form av tekst og bilder.
Informasjonen på karta kan hentast ut på PC, nettbrett og smarttelefon.
(22.04.2015)
 
 
Februar 2015
 
Årsmøtet
blei halde fredag 20. februar. Frammøtet var 16 personar, det vil seia omlag som det plar vera.
Årsmelding og rekneskap for 2014 og budsjett for 2015 blei referert og godkjent utan vesentlege merknader. Dei i styret som var på valg blei attvalt, men det kan i prinsippet bli interne rokkeringar når styret konstituerar seg på neste møte.
 
Under posten "Ordet fritt" blei det drøfta laust og fast, serleg om status for fisken på Lifjell.
 
Serveringa, som Bjørnar Nygaard var primus motor for, bestod av koldtbord med tilbehør, mellom anna laks frå Bøelva og aure frå Bjørnesfjorden på Hardangervidda. Alt var som vanleg av beste kvalitet.
(23.02.2015). 
 
 
Januar 2015
   
Folkemøtet.
Det var stort oppmøte på folkemøtet i går om kraftutbygging i Bøelva. Vi fikk gjeve klart uttrykk for den bekymringa vi har for at fisk og ferskvassorganismar skal bli skadelidande dersom planane blir realiserte.
Minstevassføringa var i fokus, og vi oppmoda så sterkt vi kunne om at det blir iverksett oppfølgjande undersøkingar for å finna ut meir om verknaden. Vi fekk inntrykk av at NVE var lydhør for det vi hadde å seia, men dei kunne sjølvsagt ikkje lova noko før alle merknadene er handsama. Då kan dei koma med eventuelle pålegg ovafor utbyggaren. I ytterste konsekvens kan konsesjon bli nekta.
Fristen for merknader er 6. februar, så no er det om å gjera å få argumenta og krava våre ned på papiret. 
(16.01.2015)
 
 
Folkemøte om utbygging av Bøelva. 
NVE arrangerar folkemøte om planane for Nye Oterholtfoss kraftverk på Bø hotell torsdag 15. januar kl 1900. På møtet vil NVE orientera om sakshandsaminga, og søkjar (Midt- Telemark Energi AS) vil gjera greie for konsekvensane av ei eventuell utbygging. Det vil bli høve til å stilla spørsmål og å kome med meiningane sine. Møt fram !
(12.01.2015)
   
 
Årsmøtet.
Årsmøtet er beramma til fredag 20. februar. Har du saker du vil ha handsama på årsmøtet, så kontakt nokon i styret, helst innan 15. januar.
(4.01.2015)
 
 
Desember 2014
 
   
 
 
Vassprøvetaking
Det er viktig å halde auge med vasskvaliteten i vatna våre. Jostein nytta godveret og drog til fjells med prøveflasker. Her er det han kunne melde:
Fremdeles åpne bekker og tynn is på vatna på Lifjell. Fint å gå til Skåråfjellholmen, truger anbefales videre. Enkelte hadde også tatt i bruk ski.
Her fra vannprøvetakning på utløpsbekken i Storsteinstjønn.
(04.12.2014)
 
 
November 2014
   
Bøelva
Bøelva vil vera mykje i fokus i tida framover. Konsesjonssøknaden med konsekvensutredning for utbygging av Nye Oterholt kraftverk er sendt ut på høring med frist for å koma med uttale 6. februar. Vi har tidlegare gjeve uttale til programmet for konsekvensutreninga, og vi skal sjølvsagt gje uttale no og, mellom anna om korleis dei har teke omsyn til det vi tidlegare har sagt. Utpå nyåret blir det folkemøte der alle kan møta opp og seia meininga si.
 
Sist tirsdag var det åpent møte på Årnes kafeteria der vannområda Skien-Grenlandsfjordene og Midtre Telemark i Vannregion Vest-Viken hadde invitert til drøfting av Regional plan for vannforvaltning, som er lagt ut til høring med frist 31. desember. Drøftinga hadde serleg fokus på tilhøva for anadrom fisk i Skiensvassdraget.
Vi var bra representert og fekk lufta fleire ting, serlig om Bøelva og tilhøva for lakseoppgang og -nedgang. Mellom anna var ein representant for Grenland Sportsfiskere der og gjorde greie for problema omkring laksetrappene i Klosterfoss og Skotfoss.
Handteringa av Bøelva i Regional plan for vannforvaltning blei og kommentert frå vår side.
Vi kjem til å gje høringsuttale til planan, som vil vera retningsgjevande for vilkåra i ein eventuell konsesjon.
 
Bakgrunnen for Regional plan for vannforvaltning er den norske Vannforskriften, som igjen bygger på EUs Vanndirektiv, som pålegg medlemslanda i EU og EØS å planlegge for, og gjera tiltak for å betra vasskvaliteten i vassdraga sine.
Det kan seiast mykje om alle direktiva som blir pålagt oss, sjølv om vi berre er medlem i EØS, men Vanndirektivet bør i alle fall vi som er interesserte i gode levetilhøve for fisken vera glade for.
(13.11.2014)
 
 
Oktober 2014
   
Årets stamfiske
gav eit bra resultat, samanlikna med tidlegare år. I alt 1,8 liter rogn blei lagt i klekkekara, fordelt med 0,6 liter frå Holmen på Lifjell, og 1,2 liter frå Landsmarka. I Landsmarka blei det fiska i Smærbu og i Skårdalsbekken.
 
No er det å håpe at vi får gunstige klekketilhøve.  I fjor vinter var vasstemperaturen for høg på grunn av ein mild haust, slik at klekkinga starta for tidleg . Vasstemperaturen akkurat no er og i høgaste laget, og det er om å gjera at dette ikkje held fram utover seinhausten og vinteren.
(31.10.2014)
 
 
September 2014
 
Makkefiskekonkurransen.
Konkurransen var svært vellukka, me hadde fint vær og ny rekord i antal deltakarar, 17 stk.
Resultatlista ser slik ut:
 
1.plass: Alf Hvitsand, 17 fiskar.
'
Størst fisk: Tommy Orekåsa, ei tryte på 480 gr.
 
Oddgeir Torekåsa fekk største aure på 380gr.
 
Dameklassa vann Gro Mette Løvheim
Barneklassa hadde tre deltakarar.  Tone Langkås Anundskås og Ane Langkås Anundskås fekk kvar sin fisk, og begge fekk fine premiar.
 
Etterpå var det  hyggeleg samvær på klubbhuset, med premieutdeling, kaffe og kaker på klubbhuset.
(12.09.2014)
 
Makkefiskekonkurranse.
Det blir makkefiskekonkurranse i Bøelva  torsdag 11. september frå kl. 1700 til kl. 2000. Påmelding på klubbhuset frå kl. 1600. Påmeldingsavgift kr. 50. Innveging på klubbhuset kl. 20.30.
Det kan fiskast i heile Bøelva frå utløpet frå Seljordsvatnet til Norsjø. Husk fiskeavgift dersom du skal fiske nedanfor Oterholtfossen.
 
Gjeve premiar frå G-sport og Brukås Sport ! Sjå annonse i Bø Blad.
(1.09.2014)
 
 
Juni 2014  
 
Døgnfiskekonkurransen på Lifjell.
20  personar deltok i konkurransen, som gjekk føre seg i eit vekslande ver.
 
Susanne Langkås vant barneklassa med 5 fisk og totalt 568gram.
 
Halvor Darrud vant vaksenklassa med 17 fisk og totalt 2490gram.
2. plass tok Ingar Tjønnås med 12 fisk og totalt 1365gram.
 
Kristian Flå tok den største fisken, som var 400 gram.
 
Stor takk til G-sport og Brukås Sport for flotte premiar!
(30.06.2014)
 
 
24 timars fiskekonkurranse på Lifjell.
Dette årvisse evenemanget går av stabelen helga 28.- 29. juni.
Påmelding laurdag 28. juni kl. 9 - 11 på klubbhuset, eller pr. SMS til Atle Tjønnås på telefon 90026902.
Fiske frå laurdag kl. 1400 til sundag kl. 1400.
Innveging og premieutdeling på klubbhuset sundag kl. 1700. Fine premiar frå G-sport og Brukås Sport.
(10.06.2014)
 
 
 
Turløypene på Lifjell presentert.
Det var godt oppmøte på Jønnbu då det utvida løypenettet og inftotavla blei presentert i går kveld. Nøkkelpersonane i turlaget og løypelaget hadde ordet, og dei som har vore pådrivarar og utført jobben blei takka.
Til sist tala ordføraren og gav uttrykk for at kommuen set pris på de som er gjort, og han gjekk langt i å lova støtte i arbeidet vidare.
(4.06.2014)
 
 
 
 
 
Så er fiskesesongen igang.
Slik er Langetjønn akkurat no. Gunnar Rønningsland rapporterar etter gårsdagens tur: Da er Langetjønn isfri. Såg ein
8- 10 vak idag. Fekk ingen fisk, men et fantastisk vær. Masse folk ved og ront vatnet.
(30.05.2014)
 
Presentasjon av løypenenettet på Lifjell
Tirsdag 3. juni kl. 1800 har Bø Turlag presentasjon på Jønnbu av det utvida løypenettet sitt på Lifjell. Då blir det og presentasjon av dei nye infotavlene som vi skreiv om i mars. Med desse blir det lett å finna vegen til fiskevatna våre. Skal du fiske treng du heller ikkje å ha fiskekort med deg, for på hovudtavla på Jønnbu får du informasjon om korleis du på ein enkel måte kan kjøpa fiskekort med hjelp av mobiltelefonen.
(26.05.2014)
 
Mars 2014
 
Årsmøtet
gjekk av stabelen 14. mars. Sakene gjekk greit unna, og årsmelding, regnskap og framlegg til budsjett blei godkjent utan vesentlege merknader. Styret blei attvalt med akklamasjon, men det kan i prinsippet bli omrokkeringar i
styreverva når det konstituerar seg.    
Frammøtet var omlag som det plar vera.
(16.03.2014)
 
 
Koldtbordet på årsmøtet, som Bjørnar Nygaard hadde hovudæra for, var svært
populært. Det inneheldt mellom anna varmrøykt laks. Laksen var fiska av Alf Hvitsand i Bøelva.
 
(At bildet er noko ute av fokus skuldast fotografens iver etter å koma fram til godsakene).
 
 
Infotavler på Lifjell.
På årsmøtet informerte Tor Sisjord om et prosjekt som Bø Turlag har på gang, med infotavler med løypekart og annan informasjon på utvalde stader på Lifjell. Hovudtavla skal vera på Jønnbu, og der skal mellom anna vera informasjon om fiskekortordninga vår. Karta på tavlene skal visa alle vatna våre med tydelege symbol. Årsmøtet tok vel imot desse opplysningane og meinte at det vil vera av stort verde for arbeidet vårt, slik at vi kan bidra med økonomiske midlar.
(16.03.2014). 
 
 
Januar 2014
 
Årsmøtet.
Årsmøtet blir halde fredag 14. mars. Saker ein vil ha handsama må vera styret i hende seinast 15. februar.
(31.01.2014)
 
Nytt frå klekkeriet.
Det har vore uvanleg tidleg klekking i år. I karet som inneheld rogn frå Lifjell er all rogna klekt. Det vanlege er at klekkinga startar i februar.
Grunnen til dette er at summen av døgngrader er høg etter den milde førejulsvinteren.
Dette er ikkje berre av det gode. Dersom vi får streng kulde etter at plommesekkane hos yngelen er bruka opp, kan yngelen få vanskar med å ta til seg for.
(12.01.2014)